× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Masterprogram i psykologi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Kva for innverknad har nervesystemet på kognisjon og åtferd? Kva skal til for å fungere som ein endringsagent i ein organisasjon? Kva for nytenking fins i psykologifaget i desse dagar?   Masterprogrammet i psykologi byggjer på forsking og ekspertise i basale og bruksretteta felt i psykologi til å utdanne studentar med høg kompetanse i psykologifaget.

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant dugleik innan eit av tre fagfelt innan psykologifaget, med studieretningar innan «arbeids- og organisasjonspsykologi», «sosial- og kognitiv psykologi», eller «åtferd- og nevrovitskap». Kandidatane sett seg inn i aktuelle faglege perspektiv i psykologisk forsking, lærer relevant vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei tre studieretningane. Mot slutten av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi, og dei ferdige kandidatane har høg kompetanse innan fagfeltet. Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere ( ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.

 

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:

Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

 

Studieretning sosial og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet, slik som spørsmål knytt til global og teknologisk utvikling, kulturmøter, integrering og konflikt, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap. Nokre av dei tema som dekkast, er mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Kandidatane skal ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det leggjest opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester.Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessa å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.

 

Studieretning Åtferd og nevrovitskap

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi (med biologisk psykologi som ein føresetnad). Føremålet med programmet er å gi ei oversikt over samanhengen mellom hjernen til mennesket og åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi.

Kvalifikasjon/tittel

Master i psykologi