× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Masterprogram i informasjonsvitskap favoritt ikon

Universitet og høgskole
Masterstudiet i informasjonsvitskap gjev deg ei fordjuping innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og lar deg forske på eit sjølvvalt tema, innanfor til dømes informasjonssystem, interaksjonsdesign eller kunstig intelligens. Studiet passar for deg som vil spesialisere deg innan IKT. Du vidareutviklar dei teoretiske, analytiske og praktiske kunnskapane dine, slik at du kan lage gode IKT-løysningar og bidra til ny kunnskap. Studiet styrker evnene dine til sjølvstendig arbeid, kritisk tenking og kreativitet.

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Om studiet

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.

Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.

På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.

Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.

Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.

Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.

Karrierevegar

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine er for eksempel utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd kan nytte IKT på best moglege vis.

Kvalifikasjon/tittel

Master i informasjonsvitenskap