× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelorprogram i informatikk: datavitskap favoritt ikon

Universitet og høgskole
På datavitskap lærer du å programmere i Java og Haskell, men du lærer også matematikken som ligg til grunn for mange av dagens teknologiske løysingar. Du tileignar deg ein sterk teoretisk kompetanse innanfor programmeringsspråk, algoritmar, og modellering ved hjelp av matematikk. Utvikling av avanserte datasystem krev presis formulering og modellering av problemstillingar, og ei evne til å finne fram til kjernen av problemet uansett om det dreier seg om klimamodellering, aksjehandel, medisinsk bildebehandling, eller eit nytt strategispel. Sjølv om teknologi forandrar seg, vil kompetansen og forståing for teknologi som du tileignar deg i løpet av studiet vere tidlaus. Datavitskap gir grunnlag for nye løysingar i forsking og utvikling i andre fagfelt, både i naturvitskap, samfunnsfag og medisin. Slik kan studiet fungere som eit springbrett for masterstudium, andre gradar, eller kan tilpassast ved hjelp av valfag til ein frittståande og teoretisk sterk bachelorgrad i programutvikling. Som student hos oss lærer du å jobbe både aleine og saman med andre programmerarar. Du blir ein del av eit aktivt og inkluderande fagmiljø, der du har gode moglegheiter for å bli kjent med framtidige arbeidsgivarar alt undervegs i studieløpet. Fagutvalet organiserer jamlege bedriftspresentasjonar, og kvar veke er det dataorakel der ein kan få svar på spørsmål og ete vaflar med forelesarane. Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet, rettleie og hjelpe deg til å bli en god programmerar og problemløysar. Studieplanen inneheld ein del grunnleggande matematikkemne, og du kan også velje å gå vidare med tyngre matematikk eller supplere med andre fag som interesserer deg. I løpet av studiet tar du også minst eitt fag som er del av mastergradane i informatikk, slik at du får ein smakebit eller tjuvstart på ein framtidig mastergrad.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Om studiet

Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i informatikk: datavitskap gjev deg akkurat denne typen kunnskap.

Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varer lengre enn spesifikk, dagsaktuell teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.

Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalane av masterstudia.

Karrierevegar

Du kan bli gründer, prosjektleiar, programmerar, systemarkitekt, forskar og lærar. Du blir kvalifisert til spennande og varierte jobbar innanfor IT-bransjen.

Informatikarar er etterspurde også i finans- og bankvesen, oljeindustrien, ny energi, forsikring og konsulentverksemd - og nær sagt alle samfunnsområde.

Med bachelorgrad i datavitskap har du kompetanse til å utføre eit vidt spekter av arbeidsoppgåver og grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skuleverket. Gjennom heile studiet blir du trena til problemløysing på ulike område, som vil komme godt med uansett kva du vel å jobbe med.

For å utvikle djupare kompetanse, anbefaler vi deg å gå vidare med ein mastergrad.Studieprogrammet kvalifiserer til opptak på masterprogramma i informatikk og programutvikling.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i naturvitenskap

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
43.3 (ordinær)

Studieplasser

33

Søknadskode (SO)

184300