× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelorprogram i informatikk: datatryggleik favoritt ikon

Universitet og høgskole
Lit du på nettbanken din? Er elektroniske val sikre? Er netthandel trygt? Får legen helseopplysningane dine når ho treng dei? Er det ­nokon andre som også får tilgang til dei? Kvifor kollapsar nettbaserte samfunnskritiske tenester titt og ofte, og korleis kan vi unngå det? Dei fleste samfunnstenester er heilt avhengige av velfungerande IKT-infrastruktur. Tilfeldige feil eller ondsinna angrep på IKT-infrastrukturen kan derfor ha ­alvorlege følger. Bachelorstudiet i datatryggleik tek opp korleis ein kan utforme, implementere og analysere IKT-infrastruktur som er robuste mot både tilfeldige feil og målretta angrep. Målet med programmet er å gi både ei teoretisk for­ståing for robuste IKT-system, og ei praktisk evne til å utvikle og halde ved like slike system. Programmet tar sikte på at studentane tileignar seg forskningsresultat i informatikk og matematikk. I tillegg til å utdanne kandidatar med solide kvalifikasjonar innanfor datatryggleik, bygger programmet eit grunnlag for vidare studium på masternivå.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Om studiet

På Bachelorprogrammet i informatikk: datatryggleik studerar kandidatane metodar for å utvikle, implementere og analysere IT-basert infrastruktur som er robust mot både tilfeldige feil og retta angrep. Formålet med studieprogrammet er å gje kandidatane teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter til å utvikle og ivareta robuste IKT-system. Metodar og tilnærming er realfagleg, og gjev og krev ei forståing for forskingsresultat innan informatikk og matematikk. Ferdigutdanna kandidatar har teknologisk kompetanse i datatryggleik som dannar eit godt grunnlag for vidare spesialisering.

Karrierevegar

Studiet gjev grunnlag for ein karriere innanfor design, implementasjon og analyse av tryggleik og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem. Som ferdigutdanna bachelor i datatryggleik frå UiB vil du ha erfaring med programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre IKT-system. Kandidatar frå dette programmet vil òg ha kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved ­utviklingsprosjekt for programvare.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i naturvitenskap

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

45

Søknadskode (SO)

184940