× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Om du er interessert i å analysere korleis samfunnet verkar, er samfunnsøkonomi med vekt på matematikk og informatikk eit eigna studium. I dette studiet får du ei grundig innføring i det matematiske, statistiske og datamessige grunnlaget som trengst for å behandle samfunnsøkonomiske modellar. Studiet eignar seg for deg med interesse for samfunnsproblem og realfag. Studieprogrammet gir deg ei grundigare innføring i det matematiske, statistiske og datamessige grunnlaget enn du får ved eit vanleg økonomistudium. Dette er også det einaste studiet av sitt slag i Noreg. I løpet av studietida kan du velje å spesialisere deg innanfor ein av dei tre fagprofilane. Altså enten i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk. Avhengig av spesialisering gir denne bachelorgraden grunnlag for ein mastergrad i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk. For å gjere gode samfunnsøkonomiske analysar treng du kunnskap om åtferda til dei ulike aktørane og om interaksjonen mellom aktørar og marknader. Slike analysar blir fort så kompliserte at ein treng matematiske modellar for å halde styr på alle faktorane som er med i modellen. Gjennomføring av effektive løysingsmetodar for å lage slike modellar ved hjelp av datamaskin står sentralt i studiet.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Om studiet

Bachelorstudiet gjev ei grundig innføring i modellering av økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi.

Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bør nytte ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr, og korleis vi faktisk brukar ressursane. Statistikk brukt på økonomi skildrar samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. Dette gjev grunnlaget for prognosar. Dei fleste konstantane som inngår i desse uttrykka er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Konstantane er såleis usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er.

Informatikk er læra om korleis man kan modellere ulike problemstillingar ved hjelp av dataprogram. Det vert lagt vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problem. Modelleringa kan utformast ved hjelp av dataprogram eller som matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.

Karrierevegar

Både offentleg og privat sektor treng personar med solid bakgrunn innanfor matematikk, informatikk, statistikk og økonomi. Naturlege arbeidsplassar for ferdige kandidatar er bank- og forsikringsnæringa, oljesektoren, IKT-næringa, offentleg forvalting, forsking og undervisning. 

 

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i naturvitenskap

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

37.70 (primær)
44.60 (ordinær)

Studieplasser

21

Søknadskode (SO)

184306