× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i naturforvaltning favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du naturinteressert? Vil du vera med å forvalte naturen? Då treng du kunnskap om dyr og planter, landskap, økologi, klima, jakt og fiske. Vil du læra meir om natur og likar ei blanding av teori og praktisk arbeid så er dette eit studium for deg.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Studiet i naturforvalting består i hovudsak av biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærer m.a. om biologisk mangfald, forvalting av vilt og fisk, landskapsplanlegging og forvalting av norsk natur. Studiet gjer ei brei biologisk basiskunnskap som grunnlag for å kunna forvalte naturressursane våre. Mykje av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar, feltkurs og ekskursjonar. Emne som geologi, vegetasjon, økologi, zoologisk artslære, botanisk artslære, naturregistrering, naturforvalting, arealplanlegging, kart og GIS (geografiske informasjonssystem) er sentrale.

Emna i siste del av studiet legg vekt på å knyta undervisninga til reelle forvaltingssituasjonar i dagens samfunn. I emnet Naturforvalting (NAT330) vert det gjennomført ein ekskursjon til utlandet. Gjennom bacheloroppgaven i 3. studieår får du høve til å fordjupe deg fagleg i eit sjølvvalgt tema, gjerne i samarbeid med eksterne oppdragsgjevarar eller som deltakar i eit av forskingsprosjekta våre.

Undervisninga vert gjennomført med førelesningar, gruppearbeid og øvingar. I tillegg inneheld dei fleste emne feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga føregår i felt: m.a. praktisk elgjakt, sporing av store rovdyr, el-fiske og rypetakseringar. Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.

Studiet gjer eit godt grunnlag for yrkeslivet.

Informasjon om opptak

Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.

Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse:
I tillegg til dei generelle krava for realkompetanse ved Nord universitet gjeld følgjande fagspesifikke krav for realkompetanseopptak på studiet:

Relevant arbeidserfaring knytt til t.d. jakt, fiske, forvalting og skjøtsel av naturen.

Vidare studium

Studiet gjer det mogleg å studere vidare på masternivå ved Nord universitet eller ved andre norske og utanlandske universitet. Ta kontakt med studierådgjevar eller studieansvarleg for nærare informasjon om dette.

Karrierevegar

Som naturforvalter kan du bli tilsett i ei rekkje ulike stillingar innan t.d. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn. Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeider; kommunar, Statens naturoppsyn, miljøvernavdelingar hos Fylkesmannen og i private verksemder.

Utveksling

Naturforvalting er eit internasjonalt fagområde med felles nasjonale og globale utfordringar. Internasjonal erfaring og kjennskap til internasjonalt fagspråk er derfor viktig i utdanninga.

Nord har avtalar med ei rekke universitet over heile verda. som gjer det mogleg å ta eit semester i utlandet som en del av studiet. Som student på bachelor i naturforvaltning har du moglegheit til å reisa på utveksling i 4. semester. Ta kontakt med internasjonal koordinator på fakultetet, Jeanett Stegen , for å høyra meir om moglegheitene dine.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i Naturforvaltning

Tilbys ved:

  • Steinkjer

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

35.90 (primær)
41.30 (ordinær)

Studieplasser

32

Søknadskode (SO)

204388