× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Vurdering av barnets beste favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga styrker dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrker vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Målgruppe: Tilsette i det kommunale barnevernet.

 

Vidareutdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og inngår i Bufdir sin kompetansesatsing innan kommunalt barnevern. Kompetansestrategien 2018-2024 er en del av Barnevernsreforma som var vedteken av Stortinget juni 2017, og har som mål gje tidligare og betre hjelp til barn i barnevernet.

 

Studiet er organisert som eit emne på 30 sp. Det er lagt opp til seks samlingar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.

 

Hovudtema:

Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon

Samling 2: Barnesyn og barns medverknad

Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst

Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta

Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak

Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker

Undervisningsopplegg

Studiet legg vekt på varierte undervisningsformar der målet er at studentane skal øve opp sine praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Undervisninga vil opne for refleksjon over eigen praksis og utvikle denne i møte med teoretisk kunnskap.

Opptakskrav

3-årig bachelorgrad eller tilsvarande høgare utdanning (180 sp) og hovudstilling (stillingsstorleik på 50% eller mer) i kommunalt barnevern. Attest eller stadfesting på tilsettingsforholdet er eit krav. Her skal det gå fram kor lenge du har vore tilsett og i kva stillingsbrøk. For mellombels tilsette må sluttdato for tilsettingsforholdet også gå fram, då det er eit krav om at ein er i jobb i heile studieperioden.

Søkarar blir prioritert etter stillingsbrøk.

Dersom det etter dette er ledige plassar, vil tilsette i statleg og privat barnevern også kunne bli vurdert for opptak.

Prioriteringsliste ved tildeling av studieplassar:

  1. Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern (stillingsstorleik på 50% eller mer) Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.
  2. Tilsette i kommunalt barnevern med mindre enn 50% stillingsstorleik. Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.
  3. Tilsette i statleg eller privat barnevern. Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.

Informasjon om opptak

15. mai 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen