× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Vidareutdanning for offshoresjukepleiarar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vidareutdanninga gir ei innføring i funksjonen som sjukepleiar både offshore og i maritime miljø. Målet er å utdanna reflekterte og velkvalifiserte offshoresjukepleiarar.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Målgruppa for studiet er sjukepleiarar med autorisasjon som har, eller kan komme til å få helse-, arbeidsmiljø -og beredskapsrelaterte oppgåver i petroleum- og annan maritim verksemd. Det vil og bli lagt vekt på psykososiale, organisatoriske, fysiske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar. Studentane vil og få eit grunnlag for å kunne handtera helseutfordringar i tropiske og arktiske strøk. Aktuelle regelverk står naturligvis sentralt gjennom heile studiet.

 

 

Undervisningsopplegg

 Studiet er et samlingsbasert deltidsstudium over eitt studieår.

 

Gjennom ein kombinasjon av forelesningar, diskusjonar, øvingsoppgåver, innleveringar og praktiske studier vil studentane bli førebudd på akuttmedisinsk beredskap, som er ein viktig del av ansvarsområde til offshoresjukepleiarar.

Opptakskrav

For opptak på studiet er det krav om autorisasjon som sjukepleiar.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Komme samfunnets og verksemdenes krav om spesialutdanna helsepersonell i ei vaksande petroleum -og maritimebransje i møte. Framtidige jobbutsikter for studenten er å jobbe med helse, beredskap og /eller arbeidsmiljørelaterte oppgåver offshore i flytande installasjonar og på skip som er i offshoreverksemd eller cruiseskip og andre typar passasjerskip som har helsepersonell om bord. Relevant sikkerhetskurs og godkjende helsesertifikat er òg minimumskrav før utreise.

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning for offshoresykepleiere/Vidareutdanning for offshoresykepleiere