× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Vidareutdanning i eldre, helse og samfunn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dette er ei vidareutdanning for deg som jobbar med eldre i kommune- og spesialisthelsetenesta, og som kan ta initiativ, organisera og setje i verk tiltak i samarbeid med eldre personar, pårørande, andre yrkesgrupper og frivillige.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Studiet legg særleg vekt på helsefremjande arbeid, personsentrert omsorg, demens, palliativ behandling og samhandling mellom tenestenivå. Utdanninga består av fire emne á 15 studiepoeng.

Hausten 2020 er det ikkje opptak til heile videreutdanninga, men du er velkomen til å ta enkeltemne:

Vår 2020: Syke eldre og samhandling - ELDHELS002.

Haust 2020: Eldre, demens og alderspsykiatri

Undervisningsopplegg

I undervisninga møtar du varierte læringsformar som forelesningar, rettleiing og gruppearbeid. Det er tre vekesamlingar kvart semester på campus Haugesund.

Det er obligatorisk å delta i rettleiingsgrupper og kommunikasjon på nett, og det er krav til minst 80 prosent frammøte til undervisning for alle emne. I tillegg forventast det at du gjer ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Informasjon om opptak

15.april 2020

Vidare studium

Deler av studiet kan etter søknad bli godkjend inn mot masterstudier i helse- og sosialfag.

Karrierevegar

Offentlig og privat sektor med behov for kompetanse om eldre, helse og samfunn.

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning til eldre og kronisk syke med langvarig funksjonssvikt