× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Å undervise vaksne innvandrarar i norsk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dei vaksne minoritetsspråklege som kjem til Noreg er ei samansett gruppe. Ein del har hatt lite skulegang og har knappe lese- og skriveerfaringar frå heimlandet, mens mange har langvarig skulegang og utstrakte lese- og skriveerfaringar frå før.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.

Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.

Å undervise vaksne innvandrarar i norsk 1 (15 stp., haustsemesteret 2018) er konsentrert om norskopplæring for deltakarar med knappe lese- og skriveferdigheiter, mens Å undervise voksne innvandrere i norsk 2 (15 stp., vårsemesteret 2019) vil ha hovudfokus på opplæring av deltakarar med gode skuleføresetnader. Å undervise vaksne innvandrarar i norsk 2 bygger på Å undervise voksne innvandrere i norsk 1, og krev derfor at du har tatt dette emnet først.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlings- og nettbasert. Det vil i løpet av studieåret være seks samlingar, tre hausten 2018 og tre våren 2019. Emne 1 blir avslutta med ein skriftleg skuleeksamen i slutten av haustsemesteret. Emne 2 blir avslutta med skriftleg heimeeksamen (10 dagar) i slutten av vårsemesteret.

Opptakskrav

Opptakskravet til studiet er fullført lærarutdanning eller tilsvarande. Søkarar som er tilsett i vaksenopplæringa blir prioriterte, og relevant arbeidserfaring veg opp for manglande lærarutdanning.

Informasjon om opptak

15. mai 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning for AL

Tilbys ved:

  • Bergen