× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Tilpassa opplæring og spesialpedagogikk for ungdom favoritt ikon

Universitet og høgskole
Behovet for pedagogar med spesialpedagogisk kompetanse er stort på ulike opplæringsarenaar. Dette studiet gir deg ei teoretisk og praksisorientert innføring i tilpassa opplæring og spesialpedagogisk arbeid.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du får kompetanse som er relevant i arbeid med tilpassa opplæring generelt og spesialpedagogiske tiltak spesielt. Du kan ta på deg fagleg ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av spesialpedagogisk tilrettelegging.

Du blir også kvalifisert for rettleiing av kollegaar, elevar og føresette. Dette studiet gir, saman med grunnutdanninga, same kompetansen som tidlegare 1. avdeling i spesialpedagogikk. Studiet gir deg også grunnlag for vidare studium i pedagogikk og spesialpedagogikk.

Studiet består av to emne på 15 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget for studiet er fullført lærarutdanning eller annan bachelorgrad, eller tilsvarande utdanning, med minimum 60 sp i pedagogikk. Studiet er ope for studentar frå heile Norden.

Informasjon om opptak

15.mai 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger