× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Tilpassa opplæring og spesialpedagogikk for barn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Behovet for pedagogar med spesialpedagogisk kompetanse er stort på ulike opplæringsarenaar. Dette studiet gir deg ei teoretisk og praksisorientert innføring i tilpassa opplæring og spesialpedagogisk arbeid med barn i barnehagen og elevar på småskuletrinnet.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du får kompetanse som er relevant i arbeid med tilpassa opplæring generelt og spesialpedagogiske tiltak spesielt. Du kan ta på deg fagleg ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av spesialpedagogisk tilrettelegging. Du blir også kvalifisert for rettleiing av kollegaar og foreldre.

Dette studiet gir, saman med grunnutdanninga, same kompetansen som tidlegare 1. avdeling i spesialpedagogikk. Studiet gir deg også grunnlag for vidare studium i pedagogikk og spesialpedagogikk.

Studiet består av to emne på 15 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne:

  • Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt. Munnleg eksamen desember 2017.
  • Pedagogiske tilnærmingsmåtar med sikte på barn og vaksne som treng særleg tilrettelagd opplæring. Heimeeksamen 2018.

Utdanninga er delvis nettbasert og vil bli organisert ved 4 helgesamlingar per semester. Samlingane vil vere fredagar og laurdagar. Studiestøttesystemet Canvas brukast mykje, då studiet til dels er nettbasert. Forprøvar og forelesningar er spesialpedagogiske tema som er relevante for dei som jobbar med barnehagebarn og elevar på småskoletrinnet.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget for studiet er fullført lærarutdanning eller barnehagelærarutdanning eller annan bachelorgrad, eller tilsvarande utdanning, med minimum 60 sp i pedagogikk. Studiet er ope for studentar frå heile Norden.

Informasjon om opptak

15. mai 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen