× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Strategi- og verksemdsutvikling favoritt ikon

Universitet og høgskole
Strategi er grunnlaget for forretningsdrift. Strategiske val skal hjelpe ei bedrift til å skape seg konkurransefortrinn i høve til andre bedrifter i bransjen, til å skape verdi for kundane sine og i siste instans til å skape verdi for eigarane sine, samtidig som ein skal utvise samfunnsansvar.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

15

Om studiet

Utgangspunkt for strategi er ein analyse av eksterne tilhøve som påverkar bedrifta. Desse tilhøva endrar seg no i eit tempo som er stadig høgare, og både teknologi,
produksjonsmetodar og kundebehov endrar seg stadig raskare.

Faget skal gi ei grunnleggande forståing av korleis bransjespesifikke tilhøve og
makrotilhøve (eksterne tilhøve) kan identifisere trugsmål og moglegheiter i ulike næringar. Vidare skal faget formidle korleis bedriftsinterne ressursar og kapabilitetar (interne tilhøve) kan avdekke enkeltbedrifter sine sterke og svake sider. Analyse av desse tilhøva legg grunnlaget for strategival, for eksempel i retning av ein kostnadsleiarstrategi eller differensieringsstrategi.
Studentane bør også få ei grunnleggande forståing av ulike internasjonaliseringsstrategiar, konsernstrategiar, kjenneteikn ved regionale/nasjonale komparative fortrinn, og foretaksetikk.

Fokus i faget skal ligge både på strategi i den daglege drifta av ei verksemd og på strategiar for å skape ny verksemd både innanfor og utanfor rammene av eksisterande verksemd.

Pedagogiske metodar
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.

Informasjon om opptak

Planlagt ny oppstart vår 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning