× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Språkvanskar hos barn og unge favoritt ikon

Universitet og høgskole
Språk har svært stor betydning for menneskeleg utvikling med tanke på læring og å kunne delta i sosialt samspel. Vanskar med språk kan derfor ha store konsekvensar, og det er derfor viktig å oppdage dei tidleg.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Forsking har dokumentert samanheng mellom språkvanskar og lese- og skrivevanskar. Språkvanskar kan i stor grad også medføre vanskar med sosiale kommunikative forhold. Nyare forsking dokumenterer førekomst av språkvanskar hos barn med ADHD, og det er påvist at mange elevar som droppar ut av skuleløpet har moglege språkvanskar.

Språkvanskar av ulike typar kan førekome hos barn i alle aldrar. Vanskane kan ofte vere skjulte. For å kunne oppdage dei og gi tidleg hjelp er det viktig at pedagogar i barnehage og skule har solid kunnskap om dei språklege utfordringane som kan førekome hos barn og unge. Studiet tar sikte på å styrke pedagogar sin kompetanse med omsyn til kunnskap om språkvanskar og tilhøvet til lese- og skrivevanskar og kommunikasjon.

Studiet er bl.a. eigna for studentar som har tatt Tilpassa opplæring og ønsker meir kunnskap om språklege føresetnader som basis for læring i barnehage og skule. Det er også aktuelt for tilsette i barnehage og skule, samt andre instansar i tiltakskjeda som har med barn og unge si utvikling å gjere.

Studiet er delvis nettbasert med 3 samlingar i haustsemesteret og 4 i vårsemesteret (fredag ettermiddag og laurdag).

Arbeidsformene vil veksle mellom samlingar med forelesningar/seminar, diskusjonar og individuelt arbeid med refleksjonsnotat og deling av fagspesifikk kunnskap/erfaringar med kvarandre på nett og på samlingar. Det vil bli gitt arbeidsoppgåver mellom samlingane.

Vurderingsformer

Emnet blir avslutta med ein heimeeksamen i slutten av vårsemesteret.

Opptakskrav

Fullført lærar- eller barnehagelærarutdanning, eller anna relevant utdanningsløp.

Informasjon om opptak

01.juni 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen