× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Spesialpedagogikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Jobbar du med barn og unge med særskilte opplæringsbehov gjennom skule, barnehage eller andre institusjonar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg! Utdanninga bygger på grunnutdanning i pedagogikk.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du tileignar deg kunnskap om opplæring og individuell tilrettelegging for barn, unge og vaksne med lærevanskar og ulike funksjonshemmingar.

Du lærer om

  • lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
  • didaktikk og spesialpedagogisk verksemd
  • korleis du kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Vi legg opp til 5 to-dagarssamlingar i kvart semester. Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning), bachelor innan helse- og sosialfag eller tilsvarande utdanning på bachelornivå.

Informasjon om opptak

15. april

Utveksling

Det er mogleg å ha eit 4 vekers praksisopphald i utlandet.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Lignende utdanninger