× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du opptatt av sosiale og kulturelle endringar, samspelet mellom menneske og korleis vi kan forstå forholdet mellom små og store sosiale fellesskap? Bachelorstudiet i sosiologi gir deg ei grundig innføring i desse spørsmåla.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Vi legg særleg vekt på dei sosiale, kulturelle og materielle utfordringane som møter ungdom i dag. Både det norske og det internasjonale samfunnet blir brukt som ramme for å studere oppvekstvilkår, overgangsfasar, makt og meiningsskaping.

Du lærer om

  • sosiologiske omgrep, teoriar og analysar
  • sosiale relasjonar og meistring av overgangen frå barn til vaksen
  • korleis familien, skulen, vennegjengen, nærmiljøet og internasjonale impulsar kan forklare ulike val og ulik meistring
  • korleis endringar i samfunnet skapar nye bilde av enkeltmenneske, familie og vennskap
  • korleis sosiologien kan brukast i arbeids- og organisasjonsliv
  • forskingsmetode, vitskapsteori og filosofihistorie

I 2. studieår anbefaler vi samfunnsvitskaplege valfrie emne ved HVL. Du kan også ta eit årsstudium ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands.

I 3. studieår skriv du bacheloroppgåve om eit sosiologisk emne du interesserer deg særleg for.

Med fullført årsstudium (og anbefalt studieløp) i ungdomssosiologi, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorutdanninga. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Undervisninga baserer seg på at du er glad i å lese faglitteratur på eiga hand eller i samarbeid med medstudentar.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

  • Gjennom studiet blir du god til å samanfatte informasjon frå mange kjelder, og å analysere denne sosiologisk. Denne kompetansen er etterspurt, og har stor verdi både i offentleg og privat arbeidsliv. Mange sosiologar jobbar innan undervisning, i fagorganisasjonar, i media og i administrative stillingar der det trengst utgreiingar og saksbehandling.
  • I stillingar med ansvar for planlegging og tilrettelegging av ulike tiltak for ungdom, vil du har gode kvalifikasjonar med denne utdanninga.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

30.80 (primær)
37.20 (ordinær)

Studieplasser

20

Søknadskode (SO)

203927

Lignende utdanninger