× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Sosialt arbeid, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vil du jobbe med menneske som treng støtte i ein vanskeleg livssituasjon? Som sosionom skal du førebygge, løyse og redusere sosiale problem for enkeltpersonar, familiar og grupper i samfunnet. Du møter menneske i ulike livsfasar og med ulike utfordringar.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

I utdanninga lærer du å analysere sosiale problem, og vurdere og sette i verk relevante tiltak i samarbeid med brukarar og samarbeidspartar.

 

Du lærer om

  • kva som skapar og opprettheld sosiale problem
  • kva rettigheiter folk i vanskelege livssituasjonar har
  • planlegging, førebygging og iverksetting av tiltak for å redusere sosiale problem

Du har emne som jus, samfunnsfag, psykologi og sosialt arbeid.

Dersom du vel emnet Global Knowledge tileignar du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og har praksisopphald i Zambia eller Sør-Afrika.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Du kan jobbe innan
  • Nav, kriminalomsorgen, asylmottak
  • familierådgiving, barnevern
  • psykiatri, rusomsorg
  • internasjonalt sosialt arbeid

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

39.60 (primær)
45.20 (ordinær)

Studieplasser

45

Søknadskode (SO)

203081