× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Samfunnsfag 3 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du ei djupare forståing av samanhengen mellom samfunnsfag, samfunnsfagsdidaktikk og praksis? I dette studiet får du eit kultursosiologisk perspektiv på samspelet mellom tre sentrale sosialiseringsarenaer i endring. Du lærer også korleis du kan bruke, vurdere og utvikle læremiddel i samfunnsfaget. Utdanninga er på masternivå.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du lærer om:

  • læringsstrategiar for, og kunnskapseffektar ved, ulik læremiddelbruk i samfunnsfaga
  • korleis du som lærar kan lage enkle læremiddel i samfunnsfaga
  • vurdering av læremiddel i samfunnsfaga (lærebøker, IKT-baserte læremiddel, kart, video med meir)
  • korleis familie, utdanning og media stør opp om og påverkar dei unge si identitetsdanning og kulturelle horisont
  • nettbaserte medium si rolle, og korleis desse påverkar barn og unge
  • sosialiseringsprosessar, teoriar og forsking om korleis barn og unge blir påverka av kulturell endring og anna samfunnsendring

Fagkunnskapen du tilegnar deg i studiet kan også nyttast på andre tema og undervisningsområde, som til dømes nye mediekulturar, demokrati og maktforhold.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper.

Studiet er samlingsbasert, med 5 samlingar i haustsemesteret (første samling på to dagar, dei resterande på ein dag), og 6 dagssamlingar i vårsemesteret.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Tilleggskrav: 60 sp samfunnsfaglege emne eller tilsvarande.

Informasjon om opptak

Fortløpande opptak

Karrierevegar

Du kan jobbe innan
  • barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
  • barnehage og skule
  • flyktningtenesta i kommunar
  • barne- og ungdomspsykiatri

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studie- eller praksisopphald i utlandet i 5. semester.

 

 

Tilbys ved:

  • Sogndal