× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Rettleiing og mentorutdanning, del 1 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga er skreddarsydd for deg som er lærar eller barnehage-/førskulelærar, og som ønskjer å auke rettleiarkompetansen din.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Studiet rettar seg mot rettleiarrolla i skule og barnehage generelt, og mot praksislærarar og rettleiarar til nyutdanna spesielt. Vi har fokus på rettleiing på individ- og gruppenivå.

Du lærer om:

  • ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
  • kommunikasjon i teori og praksis
  • dilemma knytt til etikk, autoritet og makt
  • kritisk tenking som danningsideal
  • rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
  • refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eiga rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, øvingar med rettleiing i grupper, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Studiet vektlegg høg deltakaraktivitet. Studiet er samlingsbasert, med rundt 4 samlingar.

Du blir del av ei organisert nettverksgruppe, der de rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i dei lokale nettverksgruppene.

Opptakskrav

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, førskule-/barnehagelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Informasjon om opptak

lokalt

Kvalifikasjon/tittel

Fullført studium 15 studiepoeng

Tilbys ved:

  • Førde