× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Rektorutdanning - Utdanningsleiing favoritt ikon

Universitet og høgskole
Jobbar du som skuleleiar i grunnskule eller vidaregåande opplæring? Rektorutdanninga er eit tilbod til deg som ønskjer å utvikle deg som skuleleiar og vere med på å forme framtidas skule.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Desentralisert

Studiepoeng

30

Semester

3

Om studiet

Vidareutdanninga er ein del av den nasjonale rektorutdanninga i regi av Utdanningsdirektoratet.

Utdanninga er bygd rundt dei fem hovudemna i det nasjonale rammeverket:

  1. Læring og leiing
  2. Styring og administrasjon
  3. Samarbeid og organisasjonsbygging
  4. Utvikling og endring
  5. Leiarrolla

Utviklingsarbeid, endring og leiarrolla er gjennomgangstema i utdanninga.

Rektorutdanninga er eit samarbeid mellom HVL, NLA Høgskolen i Bergen og KS-Konsulent, og er på masternivå. Studiet er tilrettelagt for å kunne kombinerast med full jobb.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar á 2 eller 3 dagar.

Med utgangspunkt i relevant teori, forsking og litteratur skal du kritisk reflektere over eigen praksis i læringsgrupper med andre studentar. Du deltar også i faste grupper med eigen rettleiar.

Arbeidskrava mellom nokre av samlingane opnar for individuell refleksjon over eiga læring og kunnskapsutvikling i lys av relevant litteratur. Du får mykje praktisk trening i korleis du som leiar kan møte ulike situasjonar i kvardagen.

Opptakskrav

Lærarutdanning eller 180 studiepoeng høgare utdanning. Du må vere tilsett som rektor, avdelingsleiar eller inspektør i grunnskule eller vidaregåande opplæring.

Informasjon om opptak

1. mars

Tilbys ved:

  • Haugesund
  • Stord