× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Rekning som grunnleggande ferdigheit favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er tilrettelagt for lærarar som underviser på 1. - 7. trinn i alle fag. Målet er å styrke lærarar sine kunnskapar om korleis ein kan sette fokus på rekning som grunnleggande ferdigheit. Tilbodet har eit overordna tema: Bevisstgjering om kva rekneferdigheiter er og kva det kan vere i ulike fag. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

"Å kunne rekne" er ei nødvendig ferdigheit for ein kritisk og deltakande samfunnsborgar. Det kan opplevast utfordrande og komplekst å arbeide med å rekne i alle fag. Dette studiet skal gi innsikt, praktisk og teoretisk, i rekning som grunnleggande ferdigheit. Studiet skal bidra til å utvikle deltakarane som ressurs i kollegiet innanfor dette feltet.

Studiet består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Emne 1: Å kunne rekne, og emne 2: Didaktiske implikasjonar. Kvart emne går over eit semester og avsluttast med ein eksamen.

Studiet er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Det leggast ut leksjonar og arbeidsoppgåver på Canvas mellom samlingane. Studiet vil veksle mellom forelesning, studentaktiv arbeidsform, seminar, rettleiing, nettdiskusjon, munnlege framlegg og skriftleg arbeid.

Vurderingsformer

Emne 1 avsluttast med munnleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med ein skriftleg heimeeksamen i mai/juni.

 

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning