× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Psykisk helsearbeid, tverrfagleg vidareutdanning favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du å styrke og vidareutvikle den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg. Utdanninga er tverrfagleg, og er på masternivå.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Vi har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukarar og personar i nettverket.

Du lærer om

  • fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  • organisering av tenesta på individ- og systemnivå
  • kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing
  • krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
  • vitskapsteori, metode og etikk

Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Fylkesmannen om kompetanse- og innovasjonstilskot.  

Undervisningsopplegg

Du skal delta i grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på 270 timar. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.

Gjennom rettleiing skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.

Opptakskrav

Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning og eitt års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjarar med anna relevant høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering.

Informasjon om opptak

: Ikke opptak i 2019

Karrierevegar

  • Psykisk helsearbeidar/psykiatrisk sjukeleiar innan psykisk helseteneste i kommunar, Nav og barnevern.
  • Arbeid ved ulike avdelingar i spesialisthelsetenesta, poliklinikk, lærings- og meistringssenter.

Kvalifikasjon/tittel

Fullført årsstudium

Tilbys ved:

  • Førde