× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Programmering for lærarar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet gir kunnskap og innsikt i problemløysing og algoritmisk tenking, og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

15

Semester

2

Om studiet

Studiet fokuserer på å bruka digital teknologi og læringsressursar som ramme for utvikling av elevane sin kreativitet, innovasjon, problemløysingsevne, algoritmiske tankegang og entreprenørskap (mål henta frå Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse).

 

Studiet er sett saman av to emne. Det første emnet fokuserer på visuell programmering (t.d. Scratch) medan det andre emnet har meir fokus på tekstbasert programmering (t.d. Python)

 

Studiet skal vera praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i eigen undervisningspraksis.

Studiet er heilt nettbasert og sett saman av to 7,5 stp.-emne. Eitt emne pr. semester. Kvart emne inneheld 5 temaområde. Begge emna er praksisorienterte med utprøving i eigen praksis. Eigen Micro:Bit, webkamera og mikrofon tilknytta datamaskinen er eit krav.

Undervisningsopplegg

Nettundervising
Studiet er heilt nettbasert. Det er ikkje obligatorisk å følgja undervisninga som primært vil føregå torsdagar 1300-1500. Det kan og vera aktuelt med enkelte kveldsøkter.

Arbeidskrav

Arbeidskrav som inngår i arbeidet i emna er å ha gjennomført 60% av øvingsoppgåvene.

Eksamensform

Mappe (individuell): Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast og blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vera fullført til fastsett frist. Mappevurderinga er bygd opp som ei samla mappevurdering.

Programmering for lærarar 1 vert vurdert med karakter: Bestått / ikkje bestått. Programmering for lærarar 2 vert vurdert med gradert karakter A - F.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

1. mars 2018

Tilbys ved:

  • Bergen