× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 favoritt ikon

Universitet og høgskole
PPU er ei lærarutdanning for deg som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise i eit fag du allereie har utdanning i. Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, er for deg som har ei yrkesfagleg utdanning, enten i form av eit fag-/ sveinebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet. Du må òg ha minimum to år med relevant yrkeserfaring for å kunne søke opptak til studiet.

Studienivå

Årsstudium

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer. Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

 

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet 

For å kunne ta eksamen ,må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna. 

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gi framtidige faglærarar naudsynt startkompetanse. Gjennom ei forskande tilnærming til lærestoffet, vil du tileigne deg viktige ferdigheiter, erfaringar og kunnskapar.

 

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningsliner. Nærare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden. Studieheftet vert gjort tilgjengeleg våren 2019.

Undervisningsopplegg

Studiet er organisert som eit fleksibelt, samlingsbasert og nettstøtta deltidsstudium.

Undervisning kan verte lagd til helg, og deler av den fagdidaktiske undervisninga kan gå føre seg på ein annan campus enn der du er tatt opp. Nærare presisering av tidspunkt for samlingar, arbeidskrav m.m. vert gitt i emneplan og studiehefte.

Utdanninga er forskingsbasert, og du får høve til å utvikle grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter knytt til utøvinga av læraryrket. Yrkesfaga i din eigen fagbakgrunn skal saman med pedagogikk, yrkespedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis, gi ei heilskapleg og profesjonsretta lærarutdanning.

Studiet gjer bruk av ei rekke varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert tatt i bruk er til ei kvar tid, er avhengig av dei tema det vert arbeidd med.

Opptakskrav

  • Profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning med eit omfang på minimum 180 studiepoeng eller tilsvarande.
  • To år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserar for undervisning i fag som høgskulen tilbyr yrkesdidaktikk i.

 

eller

 

  • Fagbrev/ svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå.
  • Generell studiekompetanse.
  • To år yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skulenivå.
  • Fire år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserar for undervisning i fag som høgskulen tilbyr yrkesdidaktikk i.

 

Søkjarar til yrkesfagleg PPU kan og realkompetansevurderast, men berre på eitt av opptakskrava.

Ofte stilte spørsmål om opptak til PPU  

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

Utdanninga vil kvalifisere og sertifisere for arbeid som lærar på ungdomstrinnet og i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring (trinn 8-13). Den kan òg vere nyttig i forhold til leiing av opplæringsaktivitetar i bedrifter og i tilknyting til vaksenopplæring.

Kvalifikasjon/tittel

Praktisk-pedagogisk utdanning