× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Pleie og behandling av ikkje-helande sår favoritt ikon

Universitet og høgskole
I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie- og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskaplige grunnlaget for faget har og hatt ei rivande utvikling i denne perioden. Det trengst personell med spesialkompetanse innan sårhandsaming på alle nivå av helsetenesta.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Det er ei for det meste nettbasert deltidsutdanning over to semester.

Utdanninga består av to emne á 15 studiepoeng, som begge vert avslutta med eksamen.

Fyrste semester :

  • Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
  • Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
  • Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp

 

Andre semester :

  • Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
  • Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
  • Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom

 

Kvart emne er delt inn i to tema, og kvart tema startar med ei samling på fire dagar.

Her vil fleire av dei leiande ekspertane i landet førelese om utvalde emne relatert til dei aktuelle temaa.

Mellom modulane vil kommunikasjon, rettleiing og innlevering gå føre seg ved hjelp av internettbaserte hjelpemiddel.

Undervisningsopplegg

Arbeidskrav :

Ei skriftleg oppgåve i kvart emne.

Deltaking i diskusjonsgrupper på Canvas

75% oppmøte på førelesingane.

Eksamen:

Avsluttande oppgåve i kvart emne.

Organisering:

Samlingsbasert og nettbasert.

2 x 4 dagar i haustsemesteret,

2 x 4 dagar i vårsemesteret.

Alle samlingar i Haugesund

Alle samlingane er frå og med mandag til og med torsdag.

Følgjande veker er planlagde for hausten 2018:

Første samling veke 37

Andre samling veke 44

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande minimum 180 studiepoeng innan helse- og sosialfag.

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning i pleie og behandling av ikke-helende sår