× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage og skule favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i barnehage og skule knytt til politiske satsingsområder for kompetanseheving. Tema er iverksetjing og leiing av utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Som ein del av studiet skal studenten leie, planlegge, gjennomføre og dokumentere utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass. Det er ein føresetnad at eige personalgruppe er aktive deltakarar i utviklingsprosessen.

Studiet er organisert i ulike delar som til saman skal gi studenten rom for å arbeide med faglig teori og konkret utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass.

Den faglege teorien er sett saman av:

  • perspektiv på sjølvvalt utviklingsområde
  • perspektiv på organisasjon og pedagogisk leiing
  • perspektiv på endring, prosessleiing, dokumentasjon og utviklingsarbeid.

Etter avslutta studium skal studentane kunne planlegge, legge til rette for, leie og gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid. på ulike nivå i barnehage/skule.

Undervisningsopplegg

Utdanninga består av 6 samlingar lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen; seminar, forelesing, rettleiing, individuelt arbeid og studentstyrte basisgrupper. Studiet er delvis nettbasert.

Opptakskrav

Fullført førskule-/barnehage-/grunnskulelærarutdanning

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Halvårsenhet

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger