× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Norsk 2, 5.-10. trinn fjernundervisning favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studietilbodet Norsk 2 for 5. 10. trinn (30 sp) bygger på 30 studiepoengs grunnutdanning i norsk og er eit vidaregåande kurs for lærarar som fortrinnsvis vil undervise i norsk på mellomtrinnet og i ungdomsskulen. Studiet er 100 % nettbasert. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Norsk 2 består av to emne: Emne 1 Språkkunnskap, 15 studiepoeng (haust 2018) og emne 2 Tekstkunnskap, 15 studiepoeng (vår 2019).

Emne 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter.

Emne 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv og debattar knytte til denne litteraturen.

Studiet er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Norsk 2 er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som online-forelesningar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt.

Vurderingsformer

Emne 1: Vurderingsmappe , januar 2019. Målform: bokmål.
Emne 2: Heimeeksamen (7 dagar), juni 2019. Målform: nynorsk.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Barnehage-/førskulelærarar må i tillegg dokumentere 60 studiepoeng. Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha minst 30 sp i norsk frå før.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning