× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Norsk 1, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studietilbodet Norsk 1 for 5. 10. trinn (30 sp) gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervisning på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Målgruppa er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng norsk i utdanninga. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Norsk 1 består av to emne: Emne 1 Tekstkunnskap, 15 studiepoeng (haust 2018) og emne 2 Språkkunnskap, 15 studiepoeng (vår 2019).

I emne 1 står tekstlesing og tekstteori sentralt. Tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og fagtekstar), og dei vil bli knytte til litteraturteori. Vekta ligg på tekstar frå vår eiga samtid, retta mot barne- og ungdomslesarar, men det vil også vere innslag av historiske tekstar og tekstar for vaksne. Eit hovudperspektiv til vere korleis ein kan arbeide med slike tekstar i klasserommet.

I emne 2 står norsk grammatikk sentralt. Kurset vil gi ei systematisk innføring i norsk lydlære, ordlære, setningslære og tekstlære. Desse språknivåa blir kopla tett til arbeid med elevtekstar.

Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet. Studiestøttesystemet er Canvas.

Vurderingsformer

Emne 1: Heimeeksamen (7 dagar), januar 2019.
Emne 2: Vurderingsmappe, juni 2019.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning