× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Norsk 1 , 5-10 - nettstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og er for deg som underviser eller vil undervise i norsk på mellom- og ungdomstrinnet.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Du lærer om

  • Vidare lese- og skriveopplæring
  • Språket som system
  • Tekstskaping og -forståing

Studiet inneheld to modular: Elevens språk og elevens tekst.

Undervisningsopplegg

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á 2 timar kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.

Slik foregår nettsamlingane

Det er minst fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i tekstskaping og -forståing. Kollegarespons står sentralt.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

1. mars

Tilbys ved:

  • Bergen