× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Norsk 1, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studietilbodet Norsk 1 for 1. 7. trinn (30 sp) gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervisning på barnetrinnet. Målgruppa er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng norsk i utdanninga. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Norsk 1 består av to emne: Emne 1 Begynnaropplæring, 15 studiepoeng (haust 2018) og emne 2 Opplæring på mellomtrinnet, 15 studiepoeng (vår 2019).

Emne 1 er retta inn mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskulen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Emne 2 har fokus på undervisning i norsk på mellomtrinnet i grunnskulen. Undervisning i vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene og munnleg bruk av språket står sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 5. til 7. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet. Studiestøttesystemet er Canvas.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning