× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Norsk 1 , 1-7 - nettstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1. - 7. trinn. Utdanninga tilsvarar den obligatoriske norskdelen av grunnskulelærarutdanninga etter rammeplan av 2010.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Du lærer om

  • Den første og andre lese- og skriveopplæringa
  • Talemål og skriftspråk
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Elevtekstar

Studiet inneheld to modular: Begynnaropplæring og mellomsteget.

Undervisningsopplegg

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á 2 timar kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Slik foregår nettsamlingane

Det er minst fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

1. mars

Tilbys ved:

  • Bergen