× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Naturfag 2, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Høgskulen på Vestlandet ønsker velkommen til eit år der du får moglegheit til å vidareutvikle kunnskapen din i naturfag og eigen praksis som naturfaglærar. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Korleis utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk, når dei introduserast for naturfaget? Korleis bruke dette til å hjelpe elevane til å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling i framtida? Studiet vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisninga i grunnskulen.

Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).

Naturfag 2 er delt i to emne. Emne 1 undervisast hausten 2018og tar for seg tema innan fysikk og kjemi. Emne 2 undervisast våren 2019og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon. Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00 i hovudsak ved Høgskulen på Vestlandet på Kronstad.

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem.

Vurderingsformer
Emne 1 avsluttast med ein skriftleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med ein munnleg eksamen i juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha minst 30 sp i naturfag frå før.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019 

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning