× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Naturfag 1, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Høgskulen på Vestlandet ønsker velkommen til eit år med kunnskap og inspirasjon til naturfagundervisninga. Naturfaget er synleg og i bruk overalt omkring oss, for eksempel i matproduksjon, industri, helsevesen, teknologi og forsking. Naturfagkunnskap er viktig for å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling i framtida. Vidareutdanninga er eitnasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Vidareutdanningskurset Naturfag 1 vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til grunnskulen si naturfagundervisning. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og diskusjon, blir deltakarane inviterte til å utvikle sin eigen, og skulen sin praksis.

Naturfag 1 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1. - 7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Studiet er delt i to emne. Emne 1 undervisast hausten 2018 og emne 2 undervisast våren 2019.
Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00. Naturfag 1 behandlar fagstoff frå alle hovudområda i læreplan for grunnskulen sitt 1. - 7. årstrinn. Kurset legg vekt på medvite og målretta oppøving av dei grunnleggande ferdigheitene, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål som inngår i hovudområdet forskarspira, blir behandla i tilknyting til dei andre hovudområda.

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem.

Vurderingsformer

Kvart emne avsluttast med ein skriftleg eksamen, ein i desember og ein i juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning