× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Matematikk 2, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Matematikk 2 rettar seg mot lærarar som underviser på 5.-10. trinn. Målsettinga med studiet er å styrke læraren sitt matematikkfaglege og didaktiske grunnlag for planlegging, gjennomføring, kritisk vurdering og vidareutvikling av matematikkundervisning på 5.-10. trinn i grunnskulen etter gjeldande læreplan. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Studiet er delt i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Emne 1: Tilpassa opplæring og undersøkande tilnærming til matematikkfaget sine byggesteinar og tenkemåtar. Emne 2: Danningsperspektiv på matematikkfaget. Begge emna blir avslutta med ein eksamen. Emne 1 blir undervist i haustsemesteret, og emne 2 blir undervist i vårsemesteret.

Matematikk 2 er nett- og samlingsbasert med samlingar over to dagar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Læringsplattforma Canvas blir brukt til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det er forventa at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Deltakarane skal levere inn eit bestemt tal forprøvar per semester.
Emne 1 avsluttast med ein munnleg eksamen i desember 2018.
Emne 2 avsluttast med ein munnleg eksamen i mai /juni 2019.

Opptakskrav

Deltakarane må ha gjennomført nivå 1 i matematikk (30 sp) i grunnskule-/allmennlærarutdanning eller tilsvarande.

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning