× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Matematikk 2, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Matematikk 2 er for lærarar som ønsker å fordjupe seg vidare i fagdidaktisk teori og matematiske emne som er relevante for barnetrinnet. Studiet har ei sterk praksisfastankring og forsking på og i eigen praksis er eige tema. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Målsetjinga med studiet er å styrke lærarane sitt faglege og didaktiske grunnlag for planlegging, gjennomføring, kritisk vurdering og vidareutvikling av matematikkundervisning frå 1. 7. trinn.

Studiet er delt i to emne:

Emne 1: Matematikk som undersøkande og resonnerande verksemd. Emne 2: Bruk og problemløysing i matematikk.

Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.

Matematikk 2 er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Læringsplattforma Itslearning blir brukt og brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Deltakarane skal levere inn eit bestemt tal forprøver per semester.
Emne 1 avsluttast med ein munnleg eksamen i desember 2018.
Emne 2 avsluttast med munnleg eksamen i mai /juni 2019.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha gjennomført nivå 1 i matematikk (30 sp) i grunnskule-/allmennlærarutdanning eller tilsvarande.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning