× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Matematikk 1, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er retta mot lærarar på 5.-10 trinn. Føremålet er å utvikle læraren sitt fagdidaktiske grunnlag for matematikkundervisning på mellom- og ungdomstrinn, med særleg vekt på overgangar. Det vil seie å forstå, vurdere, beskrive og legge til rette for eleven sine læringsprosessar og kunnskapsutvikling i matematikkfaget. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Grunnleggande ferdigheiter, talrekning, prealgebra, algebra og fagdidaktisk bruk av digitale hjelpemiddel står sentralt. Matematisk språk, kommunikasjon og argumentasjon, samt modellering og problemløysing er gjennomgåande tema. Studiet blir nært knytt til praksis.

Matematikk 1 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Emne 1: Lærarrolla og undervisningsmetodar i matematikkfaget. Emne 2: Eleven sitt kunnskapsgrunnlag og tilpassa opplæring i matematikkfaget. Emne 1 blir undervist i haustsemesteret, og emne 2 blir undervist i vårsemesteret. Begge emna blir avslutta med ein eksamen.

Matematikk 1 er nett- og samlingsbasert med samlingar over to dagar, tre gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Læringsplattforma Canvas blir brukt til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det er forventa at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Deltakarane skal levere inn eit bestemt tal forprøver per semester.
Emne 1 avsluttast med ein munnleg eksamen i desember 2018.
Emne 2 avsluttast med ein munnleg eksamen i mai /juni 2019.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning