× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Matematikk 1, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er tilrettelagt for lærarar som underviser på barnetrinnet. Formålet er å utvikle lærarane sitt faglege grunnlag for matematikkundervisning i barneskulen. Det vil seie å forstå, vurdere, beskrive og legge til rette for elevane sine læringsprosessar og kunnskapsutvikling i matematikkfaget. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Matematikk 1 består av to emne der deltakarane skal få utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning frå 1. trinn - 7. trinn etter læreplanar og relevant forsking. Studentane skal kunne analysere eiga læring, eige forhold til matematikk og eiga undervisning. Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.

Matematikk 1 er nett- og samlingsbasert med to dagars samlingar tre gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Læringsplattforma Canvas blir brukt, og brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det er forventa at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Studentane skal levere inn eit bestemt tal arbeidskrav per semester. Arbeidskrava speglar igjen studiet sine ulike matematikkdidaktiske fagområde. Emne 1 avsluttast med munnleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med skriftleg eksamen i mai /juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

 

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.  

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning