× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Matematikk 1- 5.-10. trinn, nettstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dette er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i matematikk på 5. til 10. trinn i grunnskulen.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektor på skulen du er tilsett ved om du kan delta.


Du lærer om

  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk, med hovudvekt på mellom- og ungdomssteget
  • språk og kommunikasjon i matematikkfaget
  • digitale verktøy for matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter og arbeidsformer i matematikk

Undervisningsopplegg

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane.

Slik foregår nettsamlingane

Studiet har 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyra ei gruppe når du søker.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

1. mars

Tilbys ved:

  • Bergen