× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Mat og helse 1 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Faget mat og helse er eit allmenndannande, praktisk og estetisk profesjonsfag og skal førebu studentane til å undervise i faget i grunnskulen. Studiet er retta mot lærarar på 1.-10 trinn. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Gjennom studiet skal studentane få innføring innanfor fagområdet sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjere barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gi dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.

Mat og helse 1 består av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Emne 1: Mat i eit læringsperspektiv. Emne 2: Mat i eit helseperspektiv. Emne 1 blir undervist i haustsemesteret, og emne 2 blir undervist i vårsemesteret. Begge emna blir avslutta med ein eksamen.

Mat og helse 1 er nett- og samlingsbasert med samlingar over to dagar tre gongar per semester. Samlingane skjer ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Studentane skal levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav mellom samlingane per semester.

Læringsplattforma Canvas blir brukt til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at studentane er aktive på læringsplattforma.

Vurderingsformer

Deltakarane skal levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav per semester.

Emne 1 avsluttast med ein praktisk-metodisk eksamen i januar 2019.

Emne 2 avsluttast med ein 4 timars skriftleg eksamen i mai 2019.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen