× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Masterstudium i organisasjon og leiing favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du ei leiar- eller administrasjonsstilling innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren? Master i organisasjon og leiing er ei yrkesnær leiarutdanning.

Studienivå

Erfaringsbasert master

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

8

Om studiet

Ut frå utdanningsbakgrunnen din vel du spesialisering innan helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing.

Du lærer

  • å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
  • korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
  • korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren

I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.

Spesialisering helse- og velferdsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Spesialisering utdanningsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Studiet har opptak annakvart år i Sogn og Fjordane og Haugesund, og annakvart år i Bergen. Hausten 2020 er det oppstart i Bergen.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.

Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.

Informasjon om opptak

1. mars 2020

Karrierevegar

  • leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
  • administrative stillingar som krev kunnskap om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
  • sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren