× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Master i samfunnsfagdidaktikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du interessert i historie eller dagens samfunnsdebatt? Og i korleis skulen formidlar samfunnsfagleg innhald og verdiar? Då er dette eit masterstudium for deg!

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Utdanninga bygger på lærarutdanning eller bachelorutdanning i samfunnsfag, og tar utgangspunkt i forholdet mellom samfunnsutvikling, læring og undervisning.

 

Studiet gir deg innsikt i sentrale historie- og samfunnsfagrelaterte problemstillingar, teoriar og forsking og fagdidaktikk. Du spesialiserer deg i enten historie eller globale studium.

 

Oppgåve- eller essayskriving vil i stor grad ta utgangspunkt i teoretiske og forskingsmetodiske problemstillingar knytta til masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus.

 

Dersom du går på 4-årig grunnskulelærarutdanning, kan du søke opptak til masterstudiet etter 3. studieår. Det første året av mastergraden erstattar då det siste året av grunnskulelærarutdanninga.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, sjølvstudium, gruppe- og prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

 

Vi legg vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar. Undervisningsspråk er norsk og engelsk.

Opptakskrav

  • Enten dei tre første åra av lærar-/barnehagelærarutdanninga eller tilsvarande med minst 60 stp. i samfunnsfag,
  • eller fullført bachelorutdanning med minst 80 stp. i samfunnsvitskaplege fag.

 

Karakterkrav: Minst C i snitt i fordjupingsfaget.

 

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

  • Studiet kvalifiserer for undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet, offentleg forvaltning og innan kultursektoren.
  • Studiet kvalifiserer også for forskings- og utviklingsarbeid.

Kvalifikasjon/tittel

Master i samfunnsfagdidaktikk

Tilbys ved:

  • Bergen