× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Master i læring og undervisning, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du å lære meir om kva som skapar god undervisning og læring? I dette masterstudiet fordjupar du deg i prosessar knytt til læring og undervisning, og du får ei grundigare forståing av det å undervise.

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Vi tar opp aktuelle problemstillingar frå skulekvardagen. Du fordjupar deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i norsk, matematikk, samfunnsfag eller kroppsøving.

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan kroppsøving og samfunnsfag, blir ikkje desse faga starta opp.

Du lærer

  • om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
  • om nyare klasseromsforsking
  • å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning

Du kan ta utdanninga på heiltid over to år, eller på deltid over tre eller fire år. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektarbeid. Studiet er samlingsbasert, med rundt 5 samlingar á 2-3 dagar per semester.

Mellom samlingane har vi nettsamlingar der vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Slik foregår nettsamlingane

Opptakskrav

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, grunnskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane (180 stp.). I utdanninga må du ha 60 studiepoeng fordjuping i norsk, matematikk, samfunnsfag eller kroppsøving.

Karakterkrav: Minst C i snitt i pedagogikk og fordjupingsfag.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

Du tileignar deg brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping vil det også kunne kvalifisere for arbeid i vidaregåande skule.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Lignende utdanninger