× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Master i dramapedagogikk og anvendt teater favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vil du jobbe med drama og teater i skulen? Eller som dramapedagog ved eit teater eller i kulturskulen? Då er dette eit aktuelt masterstudium!

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Dette er eit kunstpedagogisk studium som bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, og krev at du har interesse og evne til å reflektere teoretisk. Gjennom utdanninga utforskar du særtrekka i fagområdet frå teori til framføring.

Du tileignar deg kunnskap om

  • dramapedagogikk og teaterteori
  • kunstnarisk formidling/anvendt teaterprosjekt
  • vitskapsteori og akademisk skriving
  • fagspesifikk vitskapsteori med prosjektskildring

I tillegg skriv du masteroppgåve. Du kan velje mellom to variantar: Ei avhandling som monografi eller ei avhandling med dramapedagogisk- eller anvendt teaterproduksjon som praktisk komponent.

Som masterstudent kan det vere høve til å delta i forskingsprosjekt med forskarar frå HVL og andre institusjonar.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, rettleiing individuelt og i grupper, forestilling/workshop og sjølvstudium. Studiet føreset stor grad av sjølvstendig arbeid.

 

Undervisning i form av fagkonferanse/ekskursjon inngår mellom dei aktuelle arbeidsformene. Kostnader ved denne undervisninga må du dekke sjølv.

 

Det er forventa at du deltar aktivt med seminar- og prosjektframlegg i studiet. Dette krev aktiv studiedeltaking bunde til opphald ved studiestaden.

Opptakskrav

Anten dei tre første åra av lærar-/ barnehagelærarutdanninga eller tilsvarande med minst 60 sp i drama, eller faglærarutdanning i musikk, dans og drama med minst 60 sp i drama, eller bachelorutdanning med minst 80 sp i drama.

 

Karakterkrav: Minst C i snitt i fordjupingsfaget.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

  • Du blir kvalifisert for undervisningsstilling i drama/ teaterfag i skule og høgare utdanning.
  • Du kan også arbeide som kunstpedagogisk konsulent i offentleg eller privat sektor, drama-/teaterpedagog i teaterinstitusjonar og kulturskular og andre verksemder som treng kompetanse innan dramapedagogikk og anvendt teater.
  • Mastergraden kvalifiserer til vidare forsking innanfor fagfeltet.

 

Dersom du ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning i opptaksgrunnlaget ditt, må du ta dette i tillegg for å få undervisningskompetanse.

 

Utveksling

HVL har fleire utanlandske samarbeidspartnarar, både i og utanfor Europa. Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i vårsemesteret i 1. studieår.

Kvalifikasjon/tittel

Master i dramapedagogikk og anvendt teater

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger