× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Master i barne- og ungdomslitteratur favoritt ikon

Universitet og høgskole
Master i barne- og ungdomslitteratur vektlegg forskingsmetodiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til barne- og ungdomslitterære tekstar, litteraturdidaktikk og litteraturformidling.

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Studiet krev at du har interesse for eit variert utval av tekstar, og for å utvikle ei teoretisk forståing av estetikken og danningsmoglegheiter i barne- og ungdomslitteraturen. Du får arbeide med fagområdet si historie og eigenart. Feltet barne- og ungdomslitteratur blir også forstått og problematisert innanfor ein større kulturell kontekst, som del av skrift- og mediekulturen.

Du begynner arbeidet med masteroppgåva di i første studieår, men arbeidet vil i hovudsak skje i det andre studieåret.

Dersom du går på fireårig grunnskulelærarutdanning, kan du søke opptak etter tre år. Det første året av mastergraden erstattar då det siste året av grunnskulelærarutdanninga.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, gruppearbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing, studentrespons og aktiv studentdeltaking. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Opptakskrav

  • Enten dei tre første åra av ein lærar-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande, med minst 60 sp norsk eller engelsk,
  • eller relevant bachelorgrad og minst 80 sp i norsk, nordisk, litteraturvitskap eller engelsk.

 

Karakterkrav: Minst C i snitt i fordjupingsfaget.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

Med fullført utdanning kan du søke jobb i skuleverket og i offentleg og privat kulturliv. Mastergraden kvalifiserer også til vidare forsking innanfor fagfeltet.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i haustsemesteret i 1. studieår.

Vi har ein ekskursjon til eit sentralt fagmiljø, som for eksempel den årlege The Child and The Book-konferansen som blir arrangert ulike plassar i Europa.

Kvalifikasjon/tittel

Master i barne- og ungdomslitteratur

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger