× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Lindrande behandling, pleie og omsorg 2 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønskjer du auka kunnskap og forståing om korleis det er å leve med alvorleg og uhelbredeleg sjukdom? I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan møte pasient og pårørande sine behov for lindring, omsorg og støtte, og korleis du kan bidra til kvalitetsutvikling av faget palliasjon der du jobbar.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

15

Semester

2

Om studiet

Gjennom studiet tileignar du deg kunnskap om lindrande behandling, pleie og omsorg til kreftpasientar i livets siste fase, i tillegg til menneske med KOLS, hjarte- eller nyresvikt, demens og nevrologiske lidingar.

Du lærer

  • om symptomlindring ved langtkommen kreftsjukdom, KOLS, hjartesvikt, nyresvikt, demens og nevrologiske lidingar
  • å planlegge, gjennomføre og evaluere samtalar og undervisning med alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
  • å gjere etiske og juridiske refleksjonar i lindrande behandling
  • organisere, leie og sikre heilskaplege og gode pleieforløp

Studiet er eit samarbeid mellom HVL, Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrande behandling ved Helseregion vest, og vi hentar forelesarar til studiet mellom anna frå desse samarbeidspartane.

Studiet er godkjent som valfritt emne i Master i samhandling innan helse- og sosialtenester.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid og seminar. Som vidareutdanningsstudent har du allereie tileigna deg ein yrkeskompetanse, og vi ønskjer at du skal nytte dine eigne erfaringar i møte med ny kunnskap som blir formidla.

Vi har tre samlingar på til saman 11 dagar. Du må rekne med noko sjølvstudium mellom samlingane, mellom anna til arbeidskrav og heimeeksamen.

Opptakskrav

Fullført vidareutdanninga Lindrande behandling, pleie og omsorg 1.

Informasjon om opptak

Ikke opptak i 2019

Kvalifikasjon/tittel

Fullført studium 15 studiepoeng

Tilbys ved:

  • Førde