× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Lindrande behandling, pleie og omsorg 1 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Arbeid med alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira næraste, er lærerikt og utfordrande. Din kompetanse er avgjerande for at både den sjuke og familien skal oppleve livskvalitet i den siste fasen av livet.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

15

Semester

2

Om studiet

Prinsippa bak lindrande behandling, pleie og omsorg blir brukt både ved kreftsjukdom og andre alvorlege kroniske sjukdommar. Fagfeltet palliasjon er relativt nytt, og ny kunnskap blir utvikla fortløpande. Studiet legg opp til at du skal få utvikla din eigen erfaringskunnskap, og tileigne deg ny kunnskap på området, slik at din kompetanse kan bety ein forskjell for pasient og pårørande.

Du lærer:

  • om korleis det er å leve med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom
  • å arbeide og argumentere kunnskapsbasert
  • sentrale teoriar innan palliasjon, som håp, meining, liding, sorg og eksistensielle behov
  • om pårørande sin situasjon
  • korleis du skal kommunisere med menneske i krise
  • om smerte og symptomlindring ved langt komen kreftsjukdom

Studieplanen er utarbeidd i samarbeid med Kreftforeningen og Kompetansesenter for lindrande behandling.

Undervisningsopplegg

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid og seminar. Du må rekne med noko sjølvstudium mellom samlingane, mellom anna til arbeidskrav og heimeeksamen.

 

Vi har tre samlingar på til saman 10-12 dagar.

Opptakskrav

Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning og eit år relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.

Informasjon om opptak

lokalt

Kvalifikasjon/tittel

Fullført studium 15 studiepoeng