× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du nysgjerrig på naturen og ønskjer å påverke utforming av tettstadar og forvaltning av landskap? Med ein bachelor i landskapsplanlegging kan du vere med på å gjere omgjevnadane våre grønare, og planlegge og vurdere inngrep.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Du studerer i vakker vestlandsnatur, i eit fagmiljø som er blant dei fremste i landet.

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og kombinerer kunnskap om natur med forvaltnings- og planleggingsemne, inkludert landskapsarkitekturfag.

Gjennom studiet lærer du

  • om naturmangfald og kulturmiljø
  • om økologiske samanhengar i landskapet
  • å vurdere estetiske og økologiske konsekvensar av landskapsinngrep
  • å bruke digitale kart og andre elektroniske verktøy
  • å planlegge og forvalte tettstader og landskap

Vi er tett på bre, fjell og fjord, og brukar naturen som klasserom gjennom ekskursjonar og feltarbeid.

Undervisningsopplegg

Undervisninga omfattar forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid, både individuelt og i grupper. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

  • Arealplanlegging i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, til dømes Statens vegvesen og NVE
  • Plan-, analyse- og utgreiingsarbeid i privat sektor, t.d. ingeniør- og konsulentfirma
  • Landskapspleie og forvaltning av natur- og kulturmiljø

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

39.40 (primær)
45.50 (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

203310