× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Læringsmiljø og pedagogisk leiing i barnehage favoritt ikon

Universitet og høgskole
Målet med studiet er å styrke den pedagogiske leiaren i arbeidet med barnegruppa og i samarbeid med føresette.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Det vil bli lagt vekt på kunnskap og pedagogisk leiing i møte med barn som aktørar i eigne og andre sine liv, og korleis omsorg, leik, læring og danning er integrerte delar av det didaktiske arbeidet i barnehagen. Det blir presentert teoretiske reiskap for å forstå, utvikle og styrke eigen kompetanse som profesjonell barnehagelærar.

Innhaldet blir samansett i tre hovudtema: Barnefellesskap, Intergenerasjonalitet og Barnehagen som utdanningskultur der ein arbeider etter spiralprinsippet slik at innhaldet i første tema også går inn i andre tema, og innhaldet i både første og andre tema er sentralt i tredje tema.

 

Studiet er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for framtidas barnehage.

Du kan søke om tilretteleggingsmiddel gjennom Udir. 

Opptakskrav

Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i ein barnehage.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning