× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Læringsmiljø og pedagogisk leiing favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er eit tilbod knytta til Utdanningsdirektoratet si strategi Kompetanse for framtidens barnehage - revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018 - 2022.  

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Innhald

Hovudtema i emne 1:

  • Pedagogisk leiing knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
  • Observasjon og pedagogisk dokumentasjon.
  • Kritisk refleksjon.

Hovudtema i emne 2:

  • Metodar.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagens læringsmiljø med fokus på korleis vi gjennom kritisk refleksjon kan undersøke og ivareta barns demokratiske læreprosesser og psykososiale læringsmiljø.

 

Undervisningsopplegg

Organisering og arbeidsmåte:
Forelesing, dialog og refleksjon i klasse/grupper, praktisk arbeid, gruppearbeid og framføring av studentarbeid.

Arbeidskrav:
80 % deltaking i undervisning og i nettmøter, obligatoriske oppgåver blir presisert i semesterplan.

Forelesningsplan:
Samlingsbasert, 3 fysiske samlingar over 2 dagar pr. semester. I tillegg kjem nettbaserte samlingar.

Vurdering:
Emne 1: Skriftleg heimeeksamen. Emne 2: Mappeeksamen som tel 60/100 og munnleg framføring som tel 40/100. Karakter A-F.

Opptakskrav

Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i ein barnehage.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2018

Kvalifikasjon/tittel

Læringsmiljø og pedagogisk ledelse

Tilbys ved:

  • Stord