× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Lærarspesialistutdanning i profesjonsfaglig digital kompetanse (PfDK) 1-7 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Sørøst-Norge tilbyr i samarbeid lærarspesialistutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). Studiet er på masternivå og er eit tilbod til lærarar på 1. -7. og 5. - 10. trinn som ønsker ein fagleg karriere knytt til PfDK og utvikling av eigen skule.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Å undervise i ein digitalisert skule krev ein ny og annan kompetanse både for lærarar og andre som jobbar i og med opplæringa. Ein lærarspesialist innan PfDK skal bidra til fagleg utvikling hos lærarar, og sikre høg kvalitet på integrering og bruk av digitale læringsressursar i undervisninga.

Når du søker, vel du profilen Lærarspesialist PfDK 1-7 eller Lærarspesialist PfDK 5-10. Gjennom studiet vil du få problemstillingar og arbeidskrav knytt til undervisning på 1.-7. trinn eller 5.-10.trinn. Utdanninga er samlingsbasert med samlingar på Stord første og siste semester. Andre og tredje semester i Drammen.

Som student vil du utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse for integrering av digitale læringsressursar og læremiddel i undervisninga, samt kompetanse i rettleiing av kollegaer knytt til PfDK. Faginnhaldet er hovudsakleg henta frå nasjonal og internasjonal forsking, og erfaringsbasert kunnskap gjennom aksjonsforsking og -læring.

Viktige tema: bruk av digitale læringsressursar, dialogbasert undervisning, aksjonsforsking, -læring og rettleiing, koding og algoritmisk tankegang for utvikling av læringsressursar, og undervisningsplanlegging i digitale læringsmiljø.

Emne:

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse og vitskapleg arbeid (15 stp)
  • Didaktikk og digitale læringsressursar, aksjonslæring og ¿forsking (15 stp)
  • Rettleiingspedagogikk for lærarar si læring og PfDK (15 stp)
  • Skapande arbeid med IKT (15 stp)

Undervisningsopplegg

Deltaking på to obligatoriske samlingar (á tre dager) pr semester. I 1. og 4. semester er samlingane på Stord, og i 2. og 3. semester er samlingane i Drammen. Mellom samlingane blir det nettundervisning. Vurdering vil vere mappevurdering, munnleg eksamen og prosjekt (individuelt og/eller i grupper).

SAMLINGSPLAN

Samling 1: 10. - 12. september 2018 (uke 37) - Stord

Samling 2: 29. - 31. oktober 2018 (uke 44) - Stord

Samling 3: 28. - 30. januar 2019 (uke 5) - Drammen

Samling 4: 25. - 27. mars 2019 (uke 13) - Drammen

 

VURDERING

Vurdering vil vere mappevurdering, munnleg eksamen og prosjekt (individuelt og/eller i grupper).

Arbeidskrav må vere vurdert som godkjent for å ha rett til å gå opp til eksamen.

Det vil bli behov for utstyr for å delta på synkron nettundervisning, samt noko programvare. Dette vil bli spesifisert ved oppstart av dei ulike emna.

Opptakskrav

  • Godkjent lærerutdanning
  • Profesjonsfaglig digital kompetanse, hvor kravet er 30 stp. fordypning i IKT/profesjonsfaglig digital kompetanse eller tilsvarende dokumentert realkompetanse, og i tillegg 60 studiepoeng i et skolefag
  • Minst tre års undervisningspraksis i faget/fagområdet og trinn som spesialistutdanningen retter seg mot

Informasjon om opptak

1. mars